Daniel Frederik Petersen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Johan Daniel Frederik Petersen (fødd i Kristiania 21. desember 1757, død same stad 24. september 1816) var offiser, kammerherre og eidsvollsmann. Han var kjend for iver og talent i selskapslivet og teaterverksemda i Kristiania frå slutten av 1700-talet. Som militær gjorde han seg gjeldande i krigane 1807-1808 og i juli-august 1814, i den siste som underkommandant på Fredriksten festning. På Eidsvoll tilhøyrde han sjølvstendepartiet.