Daniel Frederik Petersen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Johan Daniel Frederik Petersen (fødd i Christiania 21. desember 1757, død same stad 24. september 1816) var offiser, kammerherre og eidsvollsmann. Han var kjend for iver og talent i selskapslivet og teaterverksemda i Kristiania frå slutten av 1700-talet. Som militær gjorde han seg gjeldande i krigane 1807-1808 og i juli-august 1814, i den siste som underkommandant på Fredriksten festning. På Eidsvoll tilhøyrde han sjølvstendepartiet.

Familie

Han var son av oberstløytnant, seinare stiftamtmann i Bergen Christian Petersen og Anna Larsdotter Michelsen (Ramus). Daniel Fredrik Petersen gifta seg i København 24. mai 1791 med Henriette Frederikke Skeel (1770-1851). Ho var fødd i København, dotter av geheimeråd Jørgen Erik Skeel (Scheel) og Anna Dorothea Ahlefeldt. Far hennar var stiftamtmann i Akershus og seinare geheimestatsminister. Ved giftemålet kom Petersen inn i høge aristokratiske sirklar i Danmark. Syster til kona var gift med prins Emil av Augustenborg, bror til prins Christian August.

Militær karriere

Si offiserskarriere starta Petersen som sekondløytnant ved Nordenfjelske gevorbne infanteriregiment i 1773. Han skal da vore hadde i teneste i eit par år allereie, men våre kjelder opplyser ikkje kvar. Vi veit for eksempel ikkje om han hadde gått Krigsskolen. Han var i Danmark i ein tiårs periode på 1780-talet, ellers i teneste ved avdelingar i Noreg. Ved avskilen i 1814 hadde Petersen generalmajors grad. I detalj var det militære avansementet som følgjer:

  • 1771: Fyrste teneste i det militære.
  • 1773: Sekondløytnant ved Nordenfjelske gevorbne infanteriregiment.
  • 1780: Til Danmark som sekondløytnant ved Fynske infanteriregiment.
  • 1784: Premierløytnant ved Slesvigske infanteriregiment.
  • 1788: Kaptein ved 2. Akershusiske infanteriregiment, fyrst ei kort stund som sjef for regimentets nasjonale artillerikompani, så sjef for Enebakkske kompani.
  • 1789: Enebakkske kompani overført til 1. Akershusiske infanteriregiment.
  • 1790: Kaptein ved Norske jegerkorps.
  • 1801: Major ved 2. Akershusiske infanteriregiment, kommandør for regimentets 2. nasjonale bataljon og sjef for Vestre lautrvigske kompani.
  • 1807: Sjef for den marsjerande musketerbataljon av 2. Akershusiske regiment, som ved krigsutbrotet hausten 1807 skulle forsvare kyststroka rundt Larvik
  • 1808: Oberstløytnant og sjef for 2. gevorbne grenaderkompani, seinare same år til Sønnafjelske infanteriregiment som bataljonskommandør der. Hans bataljon deltok i brigaden Holst i Østfold under krigen mot Sverige.
  • 1810: Regimentskommandør ved Sønnafjelske infanteriregiment.
  • 1811: Oberst og sjef for regimentet.
  • 1814: Generalmajor 22. mai. Under felttoget i juli-august var han underkommandant under general Ohme ved Fredriksten festning. Etter søknad vart Petersen innvilga avskil i nåde 27. september.

Amatørteater

Hausten 1780, rett før han vart beordra i teneste til Danmark, var Petersen medlem i det nystarta Christiania dramatiske Selskab, og hadde roller i dei fyrste forestillingane selskapet framførte. Etter at han kom attende frå Danmark i 1788 gjenopptok han amatørteaterverksemda. Han og kona var med blant stiftarane av eit fast dramatisk selskap i Kristiania 1799.

Han var i det heile teke kulturinteressert, en «høit dannet mand og godt hjemme i skjønlitteraturen» (Schnitler).

Eidsvollsmannen

Petersen vart vald til representant for regimentet sitt til riksforsamlinga på Eidsvoll. Han blir karakterisert som «glødende selvstændighetsmand» og med eit «til Ømfindtlighed grændsene Fædrelandssind» (Schnitler). Han gjorde seg ikkje mykje gjeldande i debattane i forsamlinga. Den 18. mai, da grunnlova var underteikna, kom han med eit utfall mot unionsmannen Nicolai Wergeland for uttrykk som Wergeland hadde brukt tidleg i grunnlovsdebatten om «den døende Selvstændighed og Nationens skuffede Tillid til Forsamlingen». Opptrinnet vakte ei viss oppsikt.

Kjelder og litteratur