Hemsedal
Mal:Thumb høyre Hemsedal kommune ligg i Buskerud fylke og er den nørdste kommunen i fylket. Kommunen vart utskilt frå Gol og Hemsedal kommune i 1897, og har grenser mot Buskerudkommunane Ål i sørvest og Gol i sørøst. I tillegg grenser Hemsedal i nordvest mot Lærdal kommune i Sogn og Fjordane fylke og i nordøst mot Nord-Aurdal, Vestre Slidre og Vang i Oppland fylke. Med 2 215 innbyggjarar (2012) er Hemsedal ein av dei minste kommunane i Buskerud, og den minste i Hallingdal etter Flå kommune. Administrasjonssenteret i kommunen er Trøim (eller Trøym), som hadde 679 innbyggjarar i 2007.
| Hemsedal | |
|---|---|
| Basisdata | |
| Kommunenummer | 0618 |
| Fylke | Buskerud |
| Kommunesenter | Trøim |
| Areal | 753.54 km² |
| Areal land | 714.77 km² |
| Areal vann | 38.77 km² |
| Folketall | 0 (2025) |
| Grunnlagt | 1897 |
| Målform | Nynorsk |
| Nettside | Nettside |
Kommunen har hatt praktisk tala dei same grensene sidan han vart oppretta i 1897 - einaste grenseendringa føre 1996 var at det ubebodde området Jallestølen vart overført frå Ål kommune til Hemsedal kommune i 1979.
Kommunevåpenet syner eit gullfarga gaupehode mot raud bakgrunn, og kjem av at det finst gaupe i kommunen. Våpenet vart godkjent i 1992.
Hemsedal har frå gamalt av hatt mykje samkvem over fjellet til dei næraste bygdene i indre Sogn. Hovudvegen gjennom dalen er riksveg 52, som bind saman riksveg 7 (ved Gol) og europaveg 16 (ved Borlaug i Lærdal kommune).
Kjente hemsedølar
- Kjell Venås (1927-), språkforskar.
- Ingrid Wigernæs (1928-), fødd Løken, skiløpar.
Kjelder
- Hemsedal – kommune i Buskerud i Store norske leksikon.
- Magne Bolme. Ingrid Wigernæs i Norsk biografisk leksikon.
- Jarle Bondevik. Kjell Venås i Norsk biografisk leksikon.
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999..
Eksterne lenkjer
|