Syvert Ommundsen Eeg

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. apr. 2014 kl. 08:51 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Mellomlagring)
Hopp til navigering Hopp til søk

Syvert Ommundsen Eeg (født 1757 i Søgne, død 20. november 1838 same stad) var skipper, gardbrukar og eidsvollsmann.

Han var fødd på garden Østre Eig (Nerigard) der foreldra var brukarar. Foreldra var Ommund Syvertsen (1726-1817) og Anne Christensdt. Stangenes (1724-1815). Syvert hadde ei to år eldre syster, Engel Marie (fødd 1755).

Syvert Ommundsen gifta seg i 1782 med Anne Salvesdotter frå Klepland i Søgne. Paret fekk åtte born, men tre av dei døde små. I folketellinga 1801 er Syvert og Anne husbondsfolk på garden. Dei har da fem born i alderen 1 til 13 år. Elles på garden budde Syverts foreldre og ei tenestejente.

I tillegg til å drive gardsbruket var Syvert Ommundsen kjend og respektert som skipsførar. Han tok skipparborgarskap i Kristiansand i 1796, og seila i langfart. Han førde på det tidspunktet «Strandmaagen» og briggen «Anne Marie». Seinare var han skipper på galeasane «Emanuel» og «Peter», som båe vart prisedømde i England i krigstida 1807-1814. På folkemunne har det vore fortalt mykje frå Syvert Ommundsens sjømannsliv. Han skal ha fått med seg heim på skuta si sonen Amund og ein annan ved namn «Jan Kokk», da desse hadde greid å rømme frå Prisonen i England. Ein annan gong var han i konfrontasjon med sicilianske sjørøvarar.

Ved valet i Søgne prestegjeld vart han ein av valmennene frå prestegjeldet, og på amtsforsamlinga i Mandals amt den 19. mars vart han amtets tredje representant. Dei to andre var Erich Haagensen Jaabech og Osmund Andersen Lømsland. Amtet ved det einaste som sende tre bonderepresentantar til Eidsvoll. Under forhandlingane røysta han med unionspartiet.

Kjelder

  • Syvert Ommundsen Eeg på Eidsvollsmennenes etterkommere
  • Syvert Omundsen Eeg i Store norske leksikon
  • Syver Amundsen i Eeg for 1801 fra Digitalarkivet
  • Bråstad, Kjell: Søgneboka. Bind I. Gårds- og slektshistorie for Søgne. Søgne kommune 1987 (særleg side 367-368).
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Syvert Ommundsen Eeg i Norsk biografisk leksikon (1926).