Olav Naadland
Hopp til navigering
Hopp til søk
Olav Naadland (fødd i Seljord 16. juli 1899, død 14. oktober 1965) var lærar og folkehøgskulestyrar.
Foreldra var folkehøgskulestyrar Jakob Naadland (1870-1957) og Kitty Naadland fødd Olsen.
Olav Naadland var gift med Ingrid Nustad (fødd i Sør-Fron 1903, død på Gjøvik 1991). Ho var dotter til Gustav Amundsen Nustad (1871-1951) og Ingeborg Eriksdotter fødd Austlid (1876-1970). Faren hennar var gardbrukar, landhandlar og skysstasjonshaldar på Hundorp i Sør-Fron. Olav og Ingrid Nustad fekk fire born.