Uvdalvegen
Uvdalvegen i Bø i Telemark går vestover frå Lundevegen på Tjønnås og ender ved dei to Tveitengardane.
Vegen har namn etter storgarden Uvdal og er om lag 7 km lang. I byrjinga går vegen gjennom jordbrukslandskap og passerer mange små og store gardar og ein del bustadhus, men etter kvart blir det skog og audemark fram til Uvdal.
Frå Tveiten går ein skogsveg innover Uvdalsheia til Sandstultjønna, Svarttjønn og stulen Sandstul. Her møter han og Sandstulvegen.
Laurdag 23. juli 2016 braut det ut brann etter lynnedslag på Uvdal. Låven, dei to stabbura og eit bustadhus i sveitserstil blei flammanes rov, mens hovudhuset blei redda. Det eine stabburet som gjekk tapt blei bygd før Svartedauden. Det var tidfesta av Riksantikvaren til år 1325 og var freda. Det andre var frå før 1858. Den 70 m lange låven skal ha vore ein av de største av sitt slag i Telemark.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart.
- Notat frå Riksantikvaren om brannen på Uvdal.
- Avisartiklar frå Varden og TA.