Johan Ludvig Losting
Johan Ludvig Losting (fødd 11. september 1810 i Bergen, død 31. mars 1876 same stad) er i dag hugsa både som målar og litograf. Han byrja karrieren som portretteiknar, men utdanna seg seinare til litograf i Tyskland og stod for ei rekkje arbeid, prospekt og portrett. Til C. W. Boeck og D. S. Danielssen sitt store verk om spedalsk sjukdom laga han 24 kolorerte plansjer etter eigne akvarellar. Etter eit opphald i Paris 1850 illustrerte han også dei same forfattarane sitt verk Hudens sygdomme (1855-1862). Losting arbeidde også som teiknelærar, ornamentteiknar, teater-, dekorasjons-, fane- og altartavlemålar osv. Han har m.a. måla altartavla i Tysnes kyrkje (1868). Dei talrike landskapsskissene han har etterlate seg gjev gode og fine inntrykk frå dei mange reisene hans i inn- og utland. Han hadde òg ymse tillitsverv, og arbeidde såleis for å fremja kulturlivet i Bergen.
I 1865-folketeljinga er han titulert som «kunstmaler». Til den store hushaldet hans i Bergen høyrde då pleiedottera Maximiliane Hagelin, ei hushaldarske, ein tenestedreng, to forgyllersvennar og ein målarsvenn attåt kunstmålaren Frands Didrik Bøe og kona Hanna.
Kjelder og litteratur
- Folketeljinga 1865 for Bergen
- Johan Ludvig Losting i Historisk befolkningsregister.
- Norges kirker. Hordaland, bind 2, Gyldendal 2000.
- Store Norske Leksikon, Kunnskapsforlaget 1997