Erik Aarvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Erik Andreas Aarvik.
Foto: Hentet fra Norske skolefolk (1934).

Erik Andreas Aarvik (fødd 19. desember 1876 i Børsa i Sør-Trøndelag, død 17. desember 1954) var lærar og redaktør, aktiv i fråhalds-, mål- og venstrearbeid i Orkdalen.

Han var son av båtbyggjar Elling Eriksen og Ingeborg-Anna Andersdotter Aarvik. Erik Aarvik tok eksamen ved Levanger lærarskule i 1898. Seinare tok han kurs i mellom anna sløyd og teikning.

Som nyutdanna var han lærar i Lenvik (1898) og Vågan (1899). Aarvik arbeidde frå 1903 i Geitastrand, i 1911 var han i Orkdal, men i 1912 kom han til nabobygda Orkanger, der han vart resten av yrkeslivet.

Aarvik var i to bolkar redaktør av bladet Sør-Trøndelag (1908-17 og frå 1926). I 1921 vart han skulestyreformann i Orkanger, og ei tid var han dessutan overformyndar. Erik Aarvik var styremedlem i Uttrøndelag lærarlag og formann i Orkdal kretsvenstrelag.

Han gifte seg i 1908 med Maren Oline Andersdotter Roven (1869-1951), dotter av gardbrukar Anders Thoresen Roven og Berit Jensdotter. Dei fekk tre døtrer. Erik og Maren Aarvik er gravlagde på Orkanger kyrkjegard.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer