Fjågesund

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjågesundvegen i Fjågesund sett sørover med skulen til venstre.
Foto: Roy Olsen (2021).

Fjågesund er ei grend i Kviteseid kommune i Telemark. Staden ligg ved Telemarkskanalen, ved den vestre enden av Flåvatn og ved Straumen, sundet som knyter Kviteseidvatnet til Flåvatn.

Fjågesund brygge har anløp av kanalbåtane M/S «Victoria» og M/S «Henrik Ibsen». Fjågesund kyrkje er ei langkyrkje frå 1916 bygd i ein stavkyrkjeinspirera stil. Fjågesund skule vart nedlagt i 2010. Fjågesund landhandel låg i Hassvikvegen 29A. Butikken vart nedlagd i 2010 og huset rive ca. 2022. Arne Gravir var siste handelsmann her.

Namnet uttalast [fjå:`gesonn]. Ifølgje Norsk stadnamnleksikon er det sett saman av adjektiv «fjalgr» (fjåg, vakker) og sund.

Galleri

Kjelder og litteratur