Gaupnefjorden
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gaupnefjorden er ein fjordarm av Lustrafjorden i Sognefjorden i Luster kommune. Han har ei lengd på 4,5 km og strekkjer seg inn til Gaupne.
Fjorden har innløp mellom Ongulsneset i nord og Svåi sør og går nordvestover. Halvvegs inn i fjorden på sørsida ligg tettstaden Marifjøra. Frå Marifjøra inn til Gaupne og ut heile nordsida av fjorden går Riksveg 55.
Frå Gaupne går Jostedalen oppover i nordleg retning.