Gunhild Pedersdotter (d.e. 1665)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gunhild Pedersdotter var prestekone.

Ho var først gift med «Hr. Henrik» som var prest i Ofoten, og etter at han døde med Peder Eriksen som var prest i Lødingen prestegjeld frå 1618 til sin død i 1645. Frå andre ekteskap hadde ho sonen Henrik Pedersen Munch (1625–1670) som vart prest i Ofoten.[1]

Etter mannen sin død avga ho rekneskap for Lødingen kyrkje i 1646 og 1647, i følge dette var ho skuldig kyrkja 19 1/2 Daler og 20 Skilling. Denne gjelda var enno ikkje betalt i 1661.[2]

Som enke finn vi ho først på garden Hol (gnr. 80) på Tjeldøya fra 1647 til 1650.[1] I 1661 finn vi ho på garden Melsbø (gnr. 75) kor hun brukar heile garden, ho er her også i 1665 men brukar nå ein halv Våg.[2]

Referanser

  1. 1,0 1,1 Naustvik 1994 s. 160
  2. 2,0 2,1 Naustvik 1990 s. 625

Kilder


Artikkelen Gunhild Pedersdotter (d.e. 1665) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.