Haukelivegen (Ullensvang og Vinje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Haukelivegen i Haukeli sett mot vest.
Foto: Roy Olsen (2023).

Haukelivegen går frå vegen Hårå i Ullensvang kommune i Vestland fylke. Han passerer gjennom bygda Røldal, går over Haukelifjell der han kryssar fylkesgrensa mot Telemark, passerer grendene Haukeli, Edland og Grungedal og endar i Vinjevegen ved Grunge bru over Smørkleppåi i Vinje kommune. Vegen er 75,2 kilometer lang. Av det ligg 28,3 kilometer i Ullensvang og 46,9 kilometer i Vinje. Haukelivegen er ein delstrekning av E134.

Vegen har namn etter grenda Haukeli i Vinje.

Vegen over Haukelifjell vart anlagt i 1886. Hausten 1967 åpna den nye meir vintersikre vegen over fjellet, og vegen vart da heilårsveg.

Tunnelar

  • Austmannalitunnelen (903 m), vendetunnel
  • Svandalsflonatunnelen (1 053 m)
  • Haukelitunnelen (5 682 m)
  • Vågslidtunnelen (1 643 m)

Kilder


Koordinater: 59.81436° N 6.77504° Ø