Jensine Angedal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jensine Nikoline Angedal (født Indrebø 4. november 1877 på Indrebøen i tidl. Førde kommune, død 27. mars 1965) var lærarinne og lokalpolitikar. Ho var den fyrste kvinnelege representanten i Førde heradsstyre, og sat i heradsstyret i perioden 1938-1945.

Liv og virke

Jensine Angedal vaks opp på garden Indrebøen i Angedalen i tidl. Førde kommune (noverande Sunnfjord kommune). Her vaks ho opp med foreldra Bertel Eirik Matias Andersson Indrebø og Sophie Oline Olsdotter og sju andre sysken. Fire av desse syskena reiste til Amerika. I sine unge år var Jensine guvernante både i Noreg og i England. I 1900 var ho guvnerante hos familien Fasting i Bergen.[1] Jensine var 17 år i England, der ho var guvernante i London. Ho kom attende til Førde i 1917 og gifta seg i 1918 med Adolf Angedal, som hadde ein av Angedalsgardane. Denne garden overlet dei til ein yngre bror av Adolf, og Jensine og Adolf flytta i staden til bureisingsbruket Jaren på andre sida av elva. Der dei reiste nye hus og dyrka jorda. Ved sida av jordbruket var Jensine lærarinne ved øvre Angedalen skule, Åsen skule i Førde, Eldalen skule i Gaular og Flokenes skule i Vevring. I tillegg var ho også sundagsskulelærar i Angedalen. Jensine og Adolf hadde ingen born, men i 1941 vart dei fosterforeldre til Richard Andersen. Richard var eit av mange born som vart evakuerte frå Bergen og ut på bygdene under andre verdenskrig.

Førde heradsstyre 1938-1945

Jensine Angedal var i 1937 på val til heradsstyret i Førde som einaste kvinne. Ho var sett opp på lista til Bygdefolket i Førde sokn, som nummer seks blant 26 representantar. Blant desse var 16 representantar og 10 var varamenn. Etter valet hamna Jensine som nummer to på lista med 213 stemmer.[2] I tida Jensine sat i heradsstyret var ho med i fleire nemnder. Ein av desse var forsyningsnemnda, der ho var eit av fem medlemar i perioden 1939-1943. Jensine var også ein del av ein nemnd som skulle arbeide for ein husmorskule i Førde, og en nemnd som skulle ta for seg kjøreløyve med bil på Angedalsvegen.

I heradsstyremøta var det sakene knytt til skulen og tilhøva for bondekvinnene som var dei viktigaste for Jensine. Ho var kjend for å vere glad i å diskutere enten det var i meierimøta i grenda eller som representant i heradsstyret. Ho hadde ikkje vanskar med å ta ordet og var kvikk i replikken. Jensine var heller ikkje redd for debattar med sine mannlege medrepresentantar. I heradsstyremøta heldt ofte debatten fram i pausane, og då sto gjerne Jensine midt i mengda og var bland dei ivrigaste.[3]

Fotnotar

  1. Digitalarkivet, "Person: 012 Jensine Indrebø" https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037324004616
  2. Møtebok for kommunestyret og formannskapet i Førde kommune, 1936-1941. Kommunestyret og formannskapet i Førde kommune, 114.
  3. Kvale, Anne Johanne. «Ei føregangskvinne frå Angedalen». Sogeblad frå Førde kommune 1989, no 7. (1989), 8.

Kjelder og litteratur