Kamnov
Hopp til navigering
Hopp til søk
![](/thumb.php?f=0998_Hovedbygningen%2C_Tilla_og_Otto_Valstads_hjem_1858_kamnov.jpg&width=300)
Kamnov på hovudbygninga av Tilla og Otto Valstad sin heim i Asker — no ein del av Asker museum.
Foto: Olve Utne
Kamnov eller kamlaft er ein type lafteverk der hjørna ikkje har laftehovud og dei vassrette snittflatene i lafteknuten har ein avsats som fungerer som mothake. Kamnov er ei vidareutvikling av den eldre og enklare laftetypen sinknov. Teknikken kom i bruk på 1700-talet, til å begynna med særleg i samband med kyrkjer. I våningshus og driftsbygningar var kamnov særleg mykje bruka kring første delen av 1800-talet.
Bildegalleri
Sjå òg
Kjelder
Vreim, Halvor. Laftehus : tømring og torvdekking. Utg. Noregs boklag. Oslo. 1966. Digital versjon på Nettbiblioteket.