Lyngnesvegen (Sauherad)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Lyngnesvegen i Midt-Telemark kommune er ein blindveg som går austover frå ein stikkveg frå Klevarsida på sørsida av Langbeinåsen til småbruket Lyngnes (gnr. 145/7). Han er snaut 1,5 kilometer lang og går gjennom skog med innslag av jordbruksland. Dette er ein traktorveg/skogsveg av dårleg standard.
Vegen har namn etter garden Lyngnes og blei namnsett i 2016.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart