Skjåk: Grender og krinsinndelingar
Hopp til navigering
Hopp til søk
Grender og krinsinndelingar i Skjåk har variert historisk og ut frå ulike funksjonar (bearlag, skulekrinsar med meir). For orienterings- og jamføringsføremål er følgjande inndeling nytta gjennomgåande i Skjåk bygdebok (band 1-4 1994, 1995, 1998, 2016):
Sokn og grend | F.o.m. - t.o.m. | Fyrste påviselege busetjing o.a. |
---|---|---|
Skjåk sokn | ||
Sørsida av Otta (baksida), frå aust mot vest: | ||
Geilostrond | Gnr. 1 Risheim – gnr. 7 Soglo | Eldre jernalder. |
Bersustrond | Gnr. 8 Brekk - gnr. 16 Gløverstad | Eldre jernalder. |
Skjåkstrond | Gnr. 17 Ånstad – gnr. 23.2 Vigstad | Eldre jernalder |
Brukrokane og Dalane | Gnr. 23.6 Vigstadmoen – gnr. 52.2 Nørdre Ytre | Plassgrend under Vigstad og Reppen frå slutten av 1700-talet. |
Lundagrenda | Gnr. 25 Lund – gnr. 61.5 Randen | Jernalder? Heilt øyde i seinmellomalderen. Gjenrydding ca. 1600. |
Nordsida av Otta, frå vest mot aust: | ||
Norda Aura og Forbergsgardane | Gnr. 29 Berger – gnr. 41 Sperstadøygarden | Eldre jernalder |
Reppen | Gnr. 42 Grimstad – gnr. 57 Marlo | Eldre jernalder. |
Ramstadstrond | Gnr. 58 Hånsnar – gnr. 72 Kolstad | Eldre jernalder. |
Synna Brua | Gnr. 73 Brujordet – gnr. 82 Øvre Bakken | Jernalder? Nesten heilt øyde i seinmellomalderen. Gjenrydding ca. 1600. |
Nordberg sokn | ||
Sørsida av Otta (baksida), frå aust mot vest, og austlegaste delen av Åstradalen: | ||
Teigoms- og Påsågrenda | Gnr. 83 Søre Teigom – 21.4 Nørdre Morken | Jernalder? Heilt øyde i seinmellomalderen. Plassgrend under gnr. 21 Nigard Skjåk frå 1700-talet |
Øygardane | Gnr. 85 Flekkøy – gnr. 93 Åbue | Eldre jernalder. Heilt øyde i seinmellomalder. Heimsetrer og plassar under gardar i hovudsoknet i tidleg nytid |
Åmot (Kvitingslia, Langskota, Åmotsgrenda, Brumillom) | Gnr. 94 Nyhus (Bysjet) – gnr. 110 Våttaneset | Ryddingar i ålmenninga på 1700- og 1800-talet, bureising villabygging i 1920- og 1930-åra. |
Åstradalen: | ||
Bråtå | Gnr. 162 Stulen - gnr. 154 Nørdre Tuva | Ryddingar i ålmenninga frå ca. 1730. |
Nordsida av Otta (solsida) frå vest mot aust: | ||
Billingsdalen | Grotli – Gnr. 112 Øyberget | Ryddingar i ålmenninga frå ca. 1800. |
Jøingslia | Gnr. 134 Fallingen – gnr. 172 Sletten/Banken | Ryddingar i ålmenninga frå ca. 1800. |
Langleitsgrenda | Gnr. 114 Rudi (Ånstadplass) – gnr. 117 Søre Langleite | Ryddingar i ålmenninga frå ca. 1730. |
Bruheimsgrenda | Gnr. 118 Lykre – 127 Skei og Bismo | Eldre jernalder.
Denne grenda, eller ein del av den, har også vorte kalla Robbestronde. |
Tettstaden Bismo, på grensa mellom Skjåk og Nordberg på solsida, er i dag bygdesenter med kommuneadministrasjon, barne- og ungdomsskule, idrettshall, industriverksemder, kjøpesenter og ei rekkje andre verksemder innan tenesteytande næringar.