Ugulen skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tomta til Ugulen Skole. Foto: Thomas Olsen/Vestland fylkeskommune.

Ugulen skule ligg i gamle Hafslo kommune, no i Luster kommune. Dette var i mange år skulehuset for Ugulen krins. Frå 1963 vart Ugulen ein del av Indre Hafslo krins.[1]

Skulehuset

Ugulen skulehus blei bygd i 1862, men rive to år etterpå. Det nye skulehuset vart flytta frå Fet skule til Ugulen i 1915. Skulehuset var ein todelt skule med to salar. Skulen vart lagt ned i 1962, og elevane flytta til Livdtun skule.

Andre bruksområde

Etter nedlegginga har huset vore i privat eige.

Historier frå skulen

Foto: Thomas Olsen/Vestland fylkeskommune.

Torstein Molland, som var lærar ved skulen i femti år, hadde eit godt stykke å gå til skulen frå heimen på Mollandsmarki, men denne vegen tok han kvar dag. Når det snødde og terrenget vart for vanskeleg å gå i, tok han hesten heilt ned til hovudvegen, der det som oftast var betre terreng. Der gjekk han vidare til fots, og hesten gjekk heim att.

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Fotnotar

  1. Sogningen 1963.05.13. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Svein Solheim
  • Torstein Molland (Barnebarn av Lærar Torstein Molland)


Koordinater: 61.3456969° N 7.2619237° Ø