Samiske språk

Samiske språk er den språkgruppa innanfor uralske språk som blir snakka av samar. Dei samiske språka viser nærmast slektskap med østersjøfinske språk, som blant anna inkluderer finsk/kvænsk, men slektskapet er ikkje nærmare enn at vi ikkje greier å skilje eit hypotetisk proto-samisk/finsk ut frå det generelle uralske rekonstruerte protospråket. Dei samiske språka kan inndelast i tre hovudgrupper: austsamiske språk, sentralsamiske språk og sørsamiske språk. I Noreg har sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk morsmålstalarar og offisiell status på kommunalt og fylkeskommunalt nivå innanfor Det samiske forvaltningsområdet. Pitesamisk og skoltesamisk er lokalt utdøydd som morsmål, men revitalisering i nokon grad er aktuelt. Umesamisk er heilt utdøydd i Norge. I Sverige har sørsamisk, umesamisk, pitesamisk, lulesamisk og nordsamisk morsmålstalarar. Förvaltningsområdet för samiska språket, som dekkjer 19 kommunar per 2014, sikrar samiske tilbod i førskulen og eldreomsorgen, og i tillegg har ein rett til å bruke sitt samiske språk i møte med forvaltninga. Det finst likevel ikkje tilbod om grunnskuleutdanning med samisk som opplæringsspråk i Sverige.

Salmebok på umesamisk, det eldste samiske litteraturspråket.

Inndeling

Historie

Forvaltingsområdet for samisk språk

Samisk og norsk vart jamstilte språk «med lov av 1990 (etter reglene i kap. 3 i Sameloven)».[1] Samelova gjev heimel for å opprette eit forvaltingsområde for samisk språk.[2]. «I dette området skal det være en fullstendig likestilling av det samiske og det norske språk i offisielle sammenhenger» (Skogvang 2002:135). Språkreglane i sameloven vart iverksette i 1992. I dag desse kommunane med i det samiske forvaltingsområdet i Noreg: Guovdageainnu suohkan/Kautokeino kommune, Kárášjoga gielda/Karasjok kommune, Deanu gielda/Tana kommune, Unjárgga gielda/Nesseby kommune, Porsáŋggu gielda/Porsanger kommune, Gáivuona suohkan/Kåfjord kommune og Loabága suohkan/Lavangen kommune i Troms og Finnmark, Hábmera suohkan/Hamarøy kommune og Aarborten tjïelte/Hattfjelldal kommune i Nordland, Snåasen tjïelte/Snåsa kommune, Raarvihken Tjielte/Røyrvik kommune og Røros kommune i Trøndelag. Dei tre nordlegaste fylkeskommunane, Troms og Finnmark, Nordland og Trøndelag høyrer også til i forvaltingsområdet for samisk språk.[3]

Bibliografi

Kjelder

  1. Eira, Inger-Marie Gaup/Miggal-Niillasa Issát-Niillasa Inger Márjá. 2004: Sámegiella Davviriikkain. Stáhtus- ja domenačielggadeapmi / Sami language in Nordic countries. Status- and domain clarification / Samisk språk i Norden. Status- og domeneutredning, s. 25, 179. Dieđut 4/2004. Guovdageaidnu: Sámi Instituhtta.
  2. Skogvang, Susann Funderud 2002: Samerett. Om samenes rett til en fortid, nåtid og framtid, s. 135. Oslo: Universitetsforlaget
  3. https://www.regjeringen.no/no/tema/urfolk-og-minoriteter/samepolitikk/samiske-sprak/samelovens-sprakregler-og-forvaltningsom/id633281/

Kjelder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!