Vestre Prestholdt (veg i Sauherad)

Sideversjon per 12. jun. 2023 kl. 00:26 av Rool (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Vestre Prestholdt i Sauherad i Midt-Telemark kommune er ein privat gardsveg som går sørover frå Sauheradvegen i Prestholtgrenda. Dette er ein smal grusveg om lag 430 meter lang. I enden, inn til garden Prestholt vestre (gnr. 168/3), kryssar vegen Sørlandsbanen på planovergang sikra med enkel varsellampe.

Vegen Vestre Prestholdt sin ende ved Vestre Prestholt (gnr. 168/3). Toget er type 73 nr. 001 på veg sørover.
Foto: Roy Olsen (2018).

Vegen har namn etter gardane Vestre Prestholt og blei namnsett i 2009.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Sauherad kommune, Utvalg for næring, plan og teknikk: Eget vegnavn for Prestholdtgrenda, Saksmappe: 06/1164-120, 16. november 2009.


Koordinater: 59.39021° N 9.21668° Ø