Anders Andersson Haugen (1786–1869)
Anders Andersson Haugen (døypt 3. september 1786, død 27. desember 1869) var frå garden Haugen i Krundalen i Jostedalen. Han var son til Anders Paulson Haugen frå Haugen og Mari Johnsdotter (1790-1844) frå Nedrelid.
Anders fekk skøyte på garden alt i 1789 i skifteoppgjeret etter far sin. Han og Kari tok over drifta av garden etter at dei gifte seg i 1808.
Anders Haugen var setjeordførar i Jostedalen ein kort periode i 1850.
Anders og Kari fekk i alt ti born, og desse voks opp:
- Anders Andersson Haugen (1809-1882), som tok over Haugen etter foreldra
- Johanna Andersdotter (1816-1838), som vart gift med gardbrukar og Lars Tøgerson Kronen, som seinare vart ordførar
- John Andersson Haugen (1819-1889), som vart gardbrukar på Flatejordsøyane og seinare vart ordførar
- Lars Andersson Haugen (fødd 1823) som flytte til Romsdalen og seinare til Amerika
- Hans Andersson (1829-1911), som ei tid vart husmann på Baggetun under Haugen
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 754. (Digital utgåve, NBdigital)
Forgjengar: Christian Bastholm Heltberg |
Ordførarar i Jostedal kommune |
Etterfølgjar: Christian Bastholm Heltberg |