Mjosundet

Sideversjon per 27. jan. 2016 kl. 12:34 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})

Mjosundet er eit sund mellom Rottøya og Ertvågsøya i Aure kommuneNordmøre i Møre og Romsdal fylke. Mjosundbrua kryssar sundet og er ein del av vegsambandet mellom fastlandet og Ertvågsøya. Mjosundbrua er 346 meter lang. Ho vart opna i 1995 og er ein del av riksveg 680.

Utsyn sørover Mjosundet mot sjølve bygda.
Foto: Olve Utne (2008)

Namnet Mjosundet blir òg bruka om den bygda som ligg langsetter sjølve Mjosundet.

Gardar i Mjosundet

Om ein definerer Mjosundet litt vidt, så kan ein hevda at følgjande hovudbruk ligg i Mjosundet, frå sør mot nord; Hållå, el. Espvika, gnr. 8. Djupbugen og Sundsbøen, gnr. 7. Rottøya gnr. 6. Lurvika gnr. 5. Giset, gnr. 4. Klaksvika, gnr. 3. Ånesbugen, gnr. 2 og Ånesset, gnr. 1.

Dei fleste av desse gardane var frå gamalt mensalgods. Det vil seia at leigeinntekta skulle tilfalla presten i Aure. Rottøya hadde delt landskyld mellom prest og kyrkje, medan Espvik eller Hållå, så langt attende eigedomshistoria er kjend, var krongods og truleg utskild frå Ertvågen. I Aslak Bolts jordebok frå om lag 1430 er det nemnd ein gard som vert kalla Sunde i området Mjosundet. Truleg kan denne garden ha omfatta både Sundsby, Lurvika og Rotøya i eldre tid (før svartedauden). Garden som er nemnd framom Sunde er Bergfall og som neste gard er nemnd Giset (Gisætre).

Industri

Kjende mjosynningar

Kjelder

  • Todal, A., 1963.
  • Munch, P. A., Aslak Bolts Jordebog, Kristiania, 1852.

Lenkjer


  Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Mjosundet» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.