Hyllestad krins
Hyllestad i Hyllestad kommune inkluderte i 1861 Hyllestad, Kleive, Myklebust, Nes, Einevoll, Gjerde, Sæsol, Lien, Sørefjord, Berge og Rønset. Sørefjord vart seinare skilt ut som eigen krins. I 1973 vart Hyllestad krins slått saman med Lifjord krins og Sørefjord krins.
Skulehus
Hyllestad gamle skule
- Byggeår: Siste del av 1890-talet
- Fungerte som skule: 1890-talet - 1970-talet
- Anna bruksområde: Barnehage, lagshus, atelier og forsamlingshus.
Skuledagen
Alle borna måtte ta tran på skulen i etterkrigstida. Det var læraren si oppgåve å sørgje for dette. Ingemar Nordstrand frå Hyllestad fortel om den gongen han og ein medelev skaut med sprettert inn vindauget og knuste alle tranflaskene. Høyr Nordstrand fortelje om dette på Digitalt fortalt.
Skulevegen
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Føydd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Ullmann | S(H) | Hyllestad skule | 1906 | 1910 | |||
Vevle | Olav | Hyllestad skule | 1914 | ||||
Åkre | Ole | Hyllestad skule | |||||
Sørefjord | Jonas Olsen | 1865 | Hyllestad skule | 1893 | Stord Seminar | ||
Torsheim | Leif | Hyllestad skule | 1954 | 1962 | |||
Bruknapp | Gerd | Hyllestad skule | 1962 | 1964 | Handelsskule, musikkonservatoriet, realskule | ||
Lybak | Ole O. | Hyllestad skule | 1885 | 1888 |
Foto
- Skuleelevar ved Hyllestad skule fotograferte framfor skulestova. Alle klassane er samla. Foto 1929/30. Fotograf: ukjend. Tilbydar: Torkel Løland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Skuleklasse ved gamle Hyllestad skule 1933. Læraren heitte Ole Åkre. Fotograf: Bjarne Råsberg. Tilbydar: Brita Myklebust/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Elevar ved Hyllestad skule fotograferte ute, truleg vinteren 1918. Lærar er Jonas Sørefjord, i midten av biletet. Fotograf: ukjend. Tilbydar: Hyllestad kommune/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
Digitale kjelder
Ikkje-prenta kjelder
- Informant: Ingemar Nordstrand
- Informant: Per Bygnes
- Informant: Bjarne Akse
- Informant: Leif Akse
Koordinater: 61.171306° N 5.297722° Ø