Telemark Folkehøgskule

Sideversjon per 9. mai 2017 kl. 13:56 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|No-nb digibok 2013111808064 0223 2.jpg|Telemark Folkehøgskule låg der Kvitsund Gymnas ligg i dag.|Johs. Sætherskar, ''Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Telemark Folkehøgskule vart skipa i 1880 av Viggo Ullmann. Skulen starta opp i Seljord, men drifta vart i 1914 flytt til Utsond i Kviteseid. Det vart bygd ny moderne skulebygning med internat, sentralfyring og elektrisk ljos. Skulen heldt opent for ungdom frå heile landet, men ein måtte vere fylt 17 år.

Telemark Folkehøgskule låg der Kvitsund Gymnas ligg i dag.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Folkehøgskulen hadde eit elevblad som heitte Frihug.

Styrarar på folkehøgskulen:

1880-1902: Viggo Ullmann.
1902-1940: Jakob Naadland.
1940-ukjendt: Olav Naadland.

Kjelder

  • Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.