Årtun (Fyresdal)

Årtun (Fyresdal gnr. 37/12) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal med adresse Lensmannsgata 1A/1B.

Bakeri og handelsbygningen på Vestby selde Jon Kiland i 1907 til bakaren Jakob Jakobson Breivik for 1800 kroner. Året etter fekk han òg kontrakt på tomta mot årleg avgift på 12 kroner. Tomta fekk namnet Årtun. Knut Folkestad samtykte samstundes i at bakeri- og handelsbygningane kunne vere der dei var, sjølv om dei dels stod inne på eigedomen hans.

Ved skylddeling 1913 frå Folkestad fekk Årtun ei skyld på 4 øre. Same året fekk Jakob Breivik skøyte frå Jon KIland for 4500 kroner. Her kom då Brødr. Breiviks Hotel/Fyresdal Hotell. I 1918 selde Jakob J.B. til brørne Gunnar J.B. og Olav J.B. for 17 000 kroner. Året etter skilde dei frå Midttun og sat då att med 3 øre skyld.

Hotellet gjekk i 1927 over til Jorånd Midtgarden for 22000 kroner. I hennar periode var namnet Parkheimen Då Jorånd Midtgarden blei eldre selde ho huset til Torleiv Skomdal som starta opp elektrisk forretning her. Etter ein del år vart drifta av forretningen avslutta og "Oleas Hus" vart etablert her, dei flytta seinare over til Fyresdal Handelslag sin bygning. I 2019 held "Wenches Terapi" til i fyrste høgda.

Biletgalleri

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009. S. 5-34.