Lauvstad, nedre (Fyresdal)
Lauvstad, nedre (Fyresdal gnr. 37/5/2) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal kommune med adresse Folkestadgata 20 og frådela Århus (Fyresdal gnr. 37/1).
I 1886 fekk Kjetil Tarjeison Vik leigekontrakt på ei tomt Lauvstad til 7 kroner årleg leige. To år seinare fekk han på ny ei tomt Lauvstad øvre, til 7 kroner årleg leige. Der sette han opp nye hus, og selde i 1890 dei gamle husa på Lauvstad nedre til Jon Kjetilson Kiland for 1000 kroner. Stova kom frå Nordbø ved Nesland (Fyresdal gnr. 37/1). Frå han gjekk husa og bygselen vidare til Dreng Larsson Lie same året. Han var snikkar og gift med Torbjørg Olavsdtr.
I 1900 var det Knut Olavson Vaddeli og kona som budde her. Knut var då styrar av Moland Forbruksforening, bankkasserar og kommunekasserar. Smeden Lars Bjørguvson budde òg her med kona si.
Frå ikring 1905 hadde Såvi Gunnarson N. Bondal (1872-) fått hand om Lauvstad. Han gifte seg i 1904 med Tone Sigurdsdtr. Moghus og kjøpte seg då inn her som landhandlar. Etter at sonen Gunnar overtok vart den gamle butikken i 1950 åra rive og nytt bygg satt opp nord for det gamle. Bygget er rausta parallelt med Folkestadgata og der var butikk i fyrste høgda og bustad i andre. Etter ein del år vart huset bygd om og der er i 2020 private bustader i båe høgder
Tomta vart utvida ved leige/feste av Svippehagen (Fyresdal gnr. 36/1/5) i 1916 i 99 år for 80 kroner årleg leige. Dette var nord for husa, her dyrka Såvi opp ein stor hage. På denne parsellen er i 2020 eit nytt kontorbygg, Lauvstad (Fyresdal gnr. 36/88/4).
Det nye store forretningsbygget (Fyresdal gnr. 37/44) ligg lenger nord på tomt frå Århus.
Biletgalleri
Kjelder og til utdjupande lesnad
- Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
- Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009, s. 5-34.
- Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo