Lauvstad (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lauvstad (Fyresdal gnr. 36/88/4) er ein eigedom i nordre del av Folkestadbyen i Fyresdal kommune med adresse Folkestadgata 14/16.

Gardsnummer 36 er prestegarden og denne tomta er den einaste med dette gardsnummeret på oppsida av Folkestadgata, alle andre har gnr. 37 og kjem frå Århus. Bakgrunnen er at nett her låg tidlegare Snippen, ein husmannsplass under prestegarden.

Eigaren av Nedre Lauvstad (Fyresdal gnr. 37/5/2) fekk i 1916 festa tomta Svippehagen gnr. 36/1/5 for 99 år og den vart lagt til Nedre Lauvstad som har gardsnummer 37. Der laga Såvi Bondal til ein gild hage og dyrka frukt, bær og grønsaker. Dette må vere der Snippen stod og at namnet eigentleg skulle vere Snippehagen, og at husmannsplassen var gløymd.

Bygningen vart satt opp om lag år 2000 — i utgangspunktet var det ein garasje for Bondal Eigedom as. Seinare vart huset bygd om til postkontor; deretter flytte NAV inn; og på slutten var det Merleyn som hadde galleri der før Fyresdal Rekneskapskontor kjøpte eigedomen. Bondal Eigedom hadde selt bygget ved skjøte 07.11.2012 til Kjell Momrak som dreiv utleige til skiftande firma, og det skjedde ei seksjonering i 2012 der denne eigedomen blei kalla seksjon 4, korrekt gardsnummer er difor 36/88/4. Eigedomen heiter Lauvstad i matrikkelen i 2020.

Adressa er Folkestadgata 14 og 16 av di det tidlegare var to inngangar til bygget, som også var dela av med skillevegg på midten. Fyresdal Rekneskapskontor tok over eigedomen 20. mai 2019. Rekneskapskontoret hadde då halde til i andre høgda hjå Fyresdal Sparebank i 32 år. Heile bygget er gjort om til kontorlokale. Det som tidlegare var 16 vert i 2020 nytta som personalinngang og 14 er hovudinngang og adressa som vert nytta.


Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009, s. 5-34.
  • Fyresdal Rekneskapskontor as. Folkestadgata 14, 3870 Fyresdal

Biletgalleri