Midttun (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Midttun (gnr. 37/13) er Lensmannsgata 3 i Folkestadbyen i Fyresdal. Det vart i 1919 dela frå Årtun (Fyresdal gnr. 37/12) som er gått ut frå Århus (Fyresdal gnr. 37)

Her vart det bygd bakeri drive av Jakob Jakobson Breivik. Det gjekk ikkje så bra, og i 1926 selde han til bakarmeister Hans Karl Hansen frå Porsgrunn for 12000 kroner. Tomta hadde han fått i gåve frå brørne sine. I fyrste høgda var det bakeri og forretning og i andre høgda leilighet for familien. Hans K. Hansen døydde i 1981, sonen Torleiv hadde teke over forretninga ei tid før faren gjekk bort. Han slutta i 1986, men bakeriet hadde då opphøyrt ca. 10 år føre. Etter kvart vart leiligheten leigd ut til private og i fyrste høgda var det frisørsalong. Med tida vart huset noko forfalle og hadde undervegs fått diverse endringar i eksteriøret, men så i 2019 er det av ny eigar særs grundig restaurert og rehabilitert med tanke på framtidig bruk og drift.

Kjelder og til vidare fordjupning

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009. S. 5-34.

Biletgalleri