Ædnafossen

Ædnafossen i Ullensvang i Vestland fylke er den 53. høgaste fossen i Noreg ut frå totalt fall. Han ligg på Sørfjorden si vestre side, omlag 8 kilometer nord for tettstaden Odda.

Ædnafossen i Ullensvang.
Foto: Leif-Harald Ruud (2024).

Fylkesveg 550 går på bru over nedste delen av fossen. Men ein får betre inntrykk av fossen frå hi sida av fjorden, til dømes frå kaia i Tyssedal. Det største fallet har ei høgd på 175 meter og er om lag 130 meter breidt.

Kjelder


Koordinater: 60.1335678° N 6.5350593° Ø