Aslaug Johanna Henden
Aslaug Johanna Henden f. Valaker (født 29. april 1915 i Utvik i Nordfjord, død 26. juni 2015 på Nordfjordeid) var husmor og bondekone, busett i Nordfjordeid.
Som ungdom gjekk ho på Fana folkehøgskule. I 1932 vart ho trulova med Anton Jakobson Henden (1910–2000), og i 1934 gifta deg seg, og ho vart gardkone i Hennebygda i Nordfjord. Aslaug Johanne Henden var med og starta Hendens bondekvinnelag, der ho òg vart den fyrste formannen.
På sine eldre dagar bur ho på Eid sjukeheim, der ho i 2015 feira 100-årsdagen sin saman med den næraste familien. Livet skulle ikkje vare så mykje lenger - den 26. juni 2015 sovna ho inn på Eid sjukeheim med sine næraste rundt seg. I dødsannonsa er det nemnd ikkje berre oldeborn, men óg tippoldeborn. Gravferda var i Eid kyrkje.
Kilder og litteratur
- Aftenposten, 29. april 2015.
- Notis om truloving i Firda Tidend 1932.12.20. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Ekteskapslysing i Nordfjord 1934.06.01. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Dødsannonse i Fjordabladet 2015.06.30. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Aslaug Johanna Henden i Historisk befolkningsregister.
På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene. Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten. |