Aure kyrkje
Aure kyrkje (nynorsk Aure kyrkje, bokmål Aure kirke), lokal uttale Örkjerkjå (NA) / Örkjerkjonn (D), er ein i hovudsak attoppbygd kopi av korskyrkja av tre som vart innvigd i 1727. Kyrkja, som ligg på ei lita høgd nede ved Aursundet i Aure sentrum i Aure kommune på Nordmøre, er soknekyrkje for Aure sokn og var hovudkyrkje for Aure prestegjeld i Ytre Nordmøre prosti av Møre bispedømme. Fram til Møre bispedømme vart oppretta i 1983 hørte prestegjeldet til Nidaros bispedømme. Kyrkja vart ramma av brann i 1924, men mykje av inventaret vart berga, og kyrkja vart attoppbygd att på same stad og i same stil som gamlekyrkja. Den noverande Aure kyrkje er oppført på same staden som den gamle Sankta Maria-kyrkja i Aure stod — ei stavkyrkje frå mellomalderen som vart riven i 1726. Aure prestegard ligg rett ovom kyrkja.
Aure kyrkje | |
---|---|
Aure kyrkje sett frå sjøsida. Foto: Olve Utne (2008).
| |
Sted: | Aure sentrum |
Byggeår: | 1924 |
Kirkesamfunn: | Den norske kyrkja |
Bispedømme: | Møre |
Prosti: | Ytre Nordmøre |
Prestegjeld: | Aure |
Fellesråd: | Aure kyrkjelege fellesråd |
Sokn: | Aure |