Bøgrende
Bøgrende er ein tidlegare skulekrets i Lesja. Den omfatta namnegardane Ølstad i nord (vest), Sili, Ulateig, Kårbø, Augard, Bø, Isaksbø, Selsjord, Hovauk, Holåk, Håkåstad til Hådi i sør (aust).
I eldre tid var nok grenda større. Ein reknar gjerne gardar med sams bruksrett i ein ålmenning har same opphavet, og i så fall gjekk den opphavlege 'grenda' i alle fall frå namnegarden Sør-Hole og i alle fall til og med Bottem.
Ola Skotte var lærar i kretsen frå 1917 til 1960, 43 år.
Litteratur
- Kjelland, Arnfinn: Bygdebok for Lesja bd 3. Gards- og slektshistorie for søre del av Lesja hovudsokn. Utg. Lesja kommune 1996. Digital versjon på Nettbiblioteket side 274-286.