Bergit Hadland

Bergit Hadland f. Bråtvedt (født 15. januar 1914 i Hjelmeland, daud 1. august 2016 på Vigrestad) vaks opp i Hjelmeland i Ryfylke. Ho gifte seg med Leif Hadland i 1935, og dei budde i Årdal i Ryfylke ei kort tid før dei flytta til Ualand i Heskestad. Der budde dei i 13 år, før dei i 1950 slo seg ned på Vigrestad, Hå kommune.

Ho var dotter av fiskarbonde Ole Larsen Bråtvedt og Anna Bergitte Bråtvedt. Faren døydde tidleg, for i folketeljinga 1920 står mora oppført som enke.

Bergit Hadland fylte 100 år i 2014. Aftenposten skreiv i høve jubileet at «Bergit Hadland er sprek for alderen, hun bor i egen leilighet og hygger seg med avislesing og løsing av kryssord». Ho døydde 102 år gamal på Hå sjukeheim.

Kilde


  På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.