Berte Kanutte Aarflot

Berte Kanutte Aarflot (født 1795 i Ørsta, død 1859) var salmediktar.

Berte Kanutte Aarflot. Teikning av Johan Nordhagen etter fotograf av H.C.Olsen. Udatert.

Ho var dotter av lensmann og boktrykkar Sivert Aarflot (1759–1817) og Gunhild Rasmusdotter Eikrem (1756–1836). Ho gifta seg med bonden Amund Knutsson Aarflot (1788–1860), og dei fekk sju born.

Berte Aarflot vart haugianar, og var kjend for å alltid stille opp når nokon på Ørsta hadde det vondt. Ho skreiv salmar - det vil seie, ho tenkte ut salmevers medan ho spann eller dreiv med anna arbeid, og så skreiv ho dei ned seinare. Mange av versa vart skrivne når ein nabo var i sorg og trong nokre trøystande ord.

Fleire av salmane vart samla og utgjeve, og samlinga Troens Frugt kom ut i heile ni opplag. I åra 1856–1862 vart det utgjeve eit verk i fem band med salmane hennar, under tittelen Smuler til Næring for Livet.

Litteratur og kjelder


  Berte Kanutte Aarflot er ein del av prosjektet Sivert Aarflot og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.