Brattrud (Bagn)
Brattrud, tidlegare skreve Bratrud, er ein gard i Bagn i Sør-Aurdal. Han ligg i Vestre Bagn på omkring 470 moh.
Brattrud | |
---|---|
Alt. namn: | Brattaruð, Bratrud |
Fyrst nemnd: | 1454 |
Stad: | Bagn |
Sokn: | Bagn |
Fylke: | Innlandet |
Kommune: | Sør-Aurdal |
Gnr.: | 23 |
Namn
Namnet kjem ifølgje Rygh frå norrønt Brattaruð, «brattrydningen»[1].
Historie
Den fyrste skriftlege kjelda som nemner garden er eit diplom datert 7. april 1454, som fortel at Ivar Ivarsson selde ti laupsbol i Brattrud (Brattarudhi) til Hallkjell Thorgilsson[2]. Garden må ha vore eldre enn dette, og namneleddet -rud tyder på norrøn tid. Den ser ut til å ha vorte ein øydegard, som så vart nyrydda tidleg på 1500-talet. Rundt midten av 1600-talet var det to garder, Søre Brattrud og Nørdre Brattrud. Søre Brattrud vart vidare delt i to like deler i 1760, medan Nørdre vart delt i to like deler i 1724. Bruk 1 er eit av dei to frå Nørdre Brattrud.
Utskilde bruk:
- Frå Søre Brattrud
- Søre Brattrud (Sør-Aurdal 23/7) bnr. 7, oppretta ved deling i 1760.
- Ranangen, fråseld i 1763, kjøpt attende i 1799.
- Midtre Brattrud bnr. 9, oppretta ved deling i 1760.
- Øvre midtre Brattrud bnr. 14, utskild i 1900.
- Øvre Brattebakke bnr. 15, utskild i 1903.
- Frå Nørdre Brattrud
- Nørdre Brattrud bruk I, oppretta ved deling i 1724. Saman med bnr. 3 frå 1764 til 1783.
- Haugrud bnr. 6, fråseld i 1754.
- Nørdre Brattrud bnr. 1, oppretta ved skylddeling i 1886.
- Nedre Brattrud bnr. 2, oppretta ved skylddeling i 1886.
- Øvre Brattrud bnr. 3, oppretta ved deling i 1724. Saman med bruk I frå 1764 til 1783.
- Håvardsrud, husmannsplass, fråseld i 1754, kjøpt attende i 1797.
- Lijordhaugen bnr. 5, utskild i 1841.
Eigarar
Garden var i det minste dels i bondeeige i seinmellomalderen, men seinare dokument tyder på at også kyrkje eller kongen eigde part i han. Eigarane var:
- Ivar Ivarsson: Selde 10 laupsbol i garden i 1454.
- Hallkjell Torgilson: Eigar (av part?) frå 1454.
- Håvard Bjørnsson: Selde 10 laupsbol i garden med samtykkje frå kona Gudrun Torbjørnsdotter i 1466.
- Gunnar Torleivsson: Eigar (av part?) frå 1466.
- Ukjende eigarar
- Bjørn Brattrud: Odelsbonde, sonen tok over omkring 1612.
- Ola og Bjørn Bjørnsson: Søner av forrige eigar.
- Krona: Eigde 4 skinn i 1647, 1/2 hus i 1667.
- Reidar Skjaker: Eigde 1 1/2 hud i 1647.
- Knut Endresson: Oppsitjar og eigar av 1 hud i 1647.
- Elling øvre Skjaker og medarvingar: 1 1/2 hud i 1667.
- Svein Reiersson Nerlaus: 1 1/2 hus saman med Elling Skjaker i 1670, selde i 1690.
- Laurits Lauritsson på Bragernes: Eigde krongodset i 1685, 1/2 hus i Søre Brattrud.
- Ola Ellingsson Dølve: Kjøpte 1/2 hud i Søre Brattrud av Laurits Lauritsson.
- Ola Østensson Heie frå Flå i Hallingdal: Kjøpte 1 1/2 hus for 96 rd. i 1690.
- Amund Olsson: Son av forrige eigar, arvea ein del etter mor si og kjøpte meir i 1714.
- Harald Ellingsson Torsrud: Kjøpte 1/2 hud i Søre Brattrud for 50 rd. frå arvingane til Ola Ellingsson Dølve.
- Aslak Hallvorsson: Oppsitjar på Søre Brattrud, kjøpte ut dei andre i 1727.
Etter dette er det samanfall mellom eigarar og brukarar. For brukarar, sjå artiklar om dei einskilde bruka.
Setrer
I 1935 vart følgjande setrer registrert:
- Brattrudsetrane (Nørdre Brattrud, bnr. 1, Brattrud bnr. 2, Haugrud bnr. 6, Søre Brattrud bnr. 7)
- Gutesetre (Brattrud bnr. 3)
- Skrikkarvøllen (Øvre midtre Brattrud bnr. 14)
- Fjøs (Midtre Brattrud bnr. 9)
- Bukfyll (Midtre Brattrud bnr. 9)
- Knutstølen (Midtre Brattrud bnr. 9)
Husmannsplassar
Husmannsplassar ein kjenner er:
- Ranangen: Nemnt i 1720-åra, fråseld i 1763 og fraflytta omkring 1800.
- Håvardsrud: Panta i 1748, fråseld i 1754, i bruk til slutten av 1700-talet.
- Haugrud: Plass til 1748, fråseld og vart bruk nr. 6
- Øvre Brattebakke: Nemnd rundt midten av 1700-talet, utskild i 1903.
- Bakkin: Nemnt i 1764.
- Lijordhaugen: Utskild i 1841.
- Bakkejord: Brukt i siste del av 1800-talet.
Frå matriklar og panteregister
Matrikkel 1647 | 2 1/2 hus og 4 skinn[3]
|
Gammal matrikkel | MN 147 med skyld 3 hudar |
Matrikkel 1838 | MN 20 med skyld 11 skylddaler 2 ort 20 skilling |
Matrikkel 1887 | MN 23 med skyld 20 mark 91 øyre |
Areal og antall bruk 2009 |
Referansar
- ↑ O. Rygh, Norske Gaardnavne, b.4, s.225
- ↑ DN I, nr. 828
- ↑ Skattematrikkelen 1647 bind IV, s. 74
Kjelder
- Diplomatarium Norvegicum
- Gjermundsen, Jon Ola: Gard og bygd i Sør-Aurdal: Bind A Reinli og Vestre Bagn, Sør-Aurdal kommune / Valdres bygdeboks forlag, 1987. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Rolf Fladby og Hans Try: Skattematrikkelen 1647: Bind IV: Oppland fylke. Utg. Norsk lokalhistorisk institutt. Oslo. 1970. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Eksterne lenkjer
- Braterud i folketelling 1801 for Aurdal prestegjeld fra Digitalarkivet
- Bratrud i folketelling 1865 for Sør-Aurdal prestegjeld fra Digitalarkivet
- Bratrud i folketelling 1910 for Sør-Aurdal herred fra Digitalarkivet