Brennavegen (Sauherad)
Brennavegen er ein blindveg i Sauherad i Midt-Telemark kommune som går sørover frå Torshølvegen i Brenna industriområde, parallelt med Gvarvvegen. Han er om lag 300 meter lang.
![](/thumb.php?f=Sauherad%2C_Brennavegen-1.jpg&width=400)
Brennavegen sett sørover frå Torshølvegen.
Foto: Roy Olsen (2019).
Brenna er eit lokalt stadsnamn, og vegen blei namnsett i 2016. Området er pr. 2019 under utbygging.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart