Bygdaråvegen
Bygdaråvegen i Seljord kommune går sørvestover frå krysset med Manheimstrondi og Vallarvegen, følgjer Bygdaråi på nordsida fram til vegkrysset med Nordbygdivegen. Her kryssar han elva og fortsett sør for denne fram til Kviteseid kommunegrense der han held fram som Brunkebergvegen. Han er 6,6 kilometer lang og er ein delstrekning av E134.
Vegen vart namnsett i 2005 og har namn etter elva Bygdaråi som han følgjer.
Den 20. oktober 1993 opna nyvegen, vegstrekninga frå Bjørge til Li i Nordbygdi. Riksveg 11 vart lagt utanom sentrum, og den tidlegare traseen med Brøløsvegen og Nordbygdivegen vart nedgradert til lokalveg. Riksveg 11 fekk europavegstatus og vart E134 i 2000.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Vedtak i Plan, miljø og teknisk utval 12.06.2019, PS 28/19.
- Varden 20. oktober 1993.
- Wikipedia: Europaveg 134.