Bygdheim (Fyresdal)

Bygdheim (Fyresdal gnr. 37/5/3) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal som har adresse Lensmannsgata 6. Denne kom frå Århus (Fyresdal gnr. 37/1).

Knut Tormodson Borgejordet (1832-1899) hadde vore sersjant og landhandlar, men kom til Bygdheim som postopnar. Han var gift med Signe Halvorsdtr. Moghus (1843-1931) som var jordmor. Ho sat ei tid att på Bygdheim som enke, men flytte seinare til Oslo der ho døydde.

I 1900 var dottera Torbjørg Knutsdtr. postopnar, flytte til Oslo.


Biletgalleri


Kjelder og til utdjupande lesnad

• Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992

Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo

• Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009, s. 5-34.