Bykil (uttale Bykjil, tidlegare også skrive Bykhyl) er eit vatn i Bykle kommune i Setesdal. Det ligg eit stykke sør for Kyrkjebygdi som ei stillvetne i Otra, og får også vatn frå Floslivatnet.

Utsyn mot Bykil i 1929.
Foto: Ukjend

I Bykle kultursoge skriv Tarald Nomeland (s. 364f.) at Bykil må vere det primære stadnamnet for både bygda og garden Byklum, og dette vatnet kan vere fyrste staden som hadde namnet. Oluf Rygh meinte at dette kjem frå verbet bauka, «bølgje». I Norsk Allkunnebok meiner Einar Vaagslid at det er ei anna tyding av bauka, «grave», som ligg til grunn. Tarald Nomeland er usams med både to, og meiner at det må vere eit substantiv som ligg til grunn, og at dette er bygil, «noko som er bøygt». Dette stemmer godt med forma på Bykil, som ligger bøygt rundt Sandefjellet.

Galleri

Kjelder

Koordinater: 59.33406° N 7.31864° Ø