Dagali sanitetsforening

Dagali sanitetsforening i Hol kommune vart oppretta i 1946, som eit lokallag under Norske kvinners sanitetsforening. I starten hadde foreninga kring 100 medlemmar. Ved 50-årsjubileet i 1996 var talet nede i 29, og i 2005 vart foreninga lagd ned. Mellom tiltaka til foreninga var bygging og utleige av fryseboksar frå 1955.

Forløparen for foreninga var Dagali helselag, som vart stifta i 1924 og hadde som hovudmål å skaffe ein sjukepleiar til bygda. Dette lukkast tjue år seinare.

Kjelder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!