Dragsvik ferjekai

Dragsvik ferjekai i Balestrand kommune vart ikkje bygd før i 1956 - etter at vegen frå Vetlefjorden til Balestrand var ferdig. Sidan ferjesambandet blei opna i 1940 (to år etter Gaularfjellsvegen), har det betydd mykje for utvikling av næring og turisme, og for kvardagen til folk i området.

Dragsvik ferjekai ein dag i 1960
Foto: Ukjent fotograf/Nasjonalbiblioteket
Utsikt mot Dragsvik frå austsida av Fjærlandsfjorden.
Foto: Per Olav Bøyum

Dei som padlar rundt Veganeset, neset mellom Esefjorden og inngangen til Fjærlandsfjorden, må passe seg for ferjene! Ferjer er eit kvardagssyn for folk i Sogn og Fjordane, men fram til 1940 var det verken veg eller ferjesamband i dette området.

Dragsvik ferjekai er ein del av kulturminneløypa Kulturminne langs Sognefjorden.

Kjelder og litteratur

  • Starheim, Ottar. Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. B. 1 : Askvoll, Aurland, Balestrand, Bremanger, Eid, Fjaler, Flora, Førde. Utg. NRK aktivum. 2009. Digital versjonNettbiblioteket.


  Hele eller deler av Dragsvik ferjekai er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.