Einar Flydal (1887–1977)

Einar Flydal (fødd 1887 på garden Flydal i Geiranger, død 1977 i Geiranger) var møbelsnikkar og treskjerar. Han hadde hus og verkstad på Vinje i Geiranger.[1] [2] I 1938 utarbeidde kyrkjekunstnaren Per Vigeland ein plan for endringar av interiøret og kustnarleg prydnad av Geiranger kyrkje.[3] Einar Flydal fekk i oppdrag å utføre arbeidet, og av Per Vigeland fekk han stor fridom i utføringa. Flydals arbeid er arbeid av høgste klasse, og vekkjer stor vørnad hos alle som vitjar kyrkja.

Einar Flydal var son av Peder Larsson Flydal og Pernille Edvardsdotter Hole.

Referansar

  1. Lillebø, P.A., 1993, Sunnylven og Geiranger. 2 : Gard og ætt. Digital versjonNettbiblioteket
  2. Folketeljinga 1920
  3. Lillebø, P.A., 1999, Sunnylven og Geiranger. 1