Emblemsruta
Emblemsruta i Ålesund kommune var eit busselskap som vart stifta som Emblemsbygda billag i 1928.
Oskar Emblem vart tilsett som den første sjåføren og Peder Magerholm som kasserar.
Det var eit av fleire små som i 1987 vart oppkjøpt av Ålesund Bilruter.
I dag er dei fleste lokalruter i Møre og Romsdal historie. Bussdrifta er utlyst på anbod frå fylkeskommuna under fellesnamnet Fram.
Historia til Emblemsruta
Oskar Emblem skreiv på sine eldre dagar ned historia om rutelaget. Teksten vart seinare tilrettelagt av Kristoffer Emblem og Tor Sindre Grønningsæter.
Kjelder og litteratur
- Fram sin nettstad, vitja 4. juli 2024
- Østrem, Svein Ove Dalen: Næring og leveveg i bygdelaga frå Blindheim til Hesseberg. Utg. Innaumnesingen forlag. Molde. 2023. Digital versjon på Nettbiblioteket.