Fangstanlegg ved Gravranden, Lesja

Ved Gravranden på fjellet ovanfor Lesjaskog finst eit tydeleg fangstanlegg for villrein.

Den øvste gropa i i fangstanlegget.
Foto: Arnfinn Kjelland (2018)

Gravranden er ein avlang markant haug («rande» i lokaldialekten) orientert tilnærma vest-aust. Det syner ein tydeleg sti etter reinstrekket mellom haugen og ei lita tjønn, som avgrensa området og freista dei gamle fangstfolka til å bygge eit fangstanlegg her.

Anlegget er kartlagt av Øystein Mølmen (1979). Han meinte det er usikkert om namnet på haugen har med fangstgropene her å gjere.

Bilde av anlegget

Litteratur

  • Mølmen, Øystein 1979: Villreinen i Snøhetta-feltet. En registrering av fortidsminner etter den gamle villreinfangsten, reinens bruk av feltet, trekkveier, kalvingsområder, historikk m. v. NVE, Statskraftverkene. S. 171. Digital versjonNettbiblioteket

Koordinater: 62.277828° N 8.323759° Ø