Fish and chips
Fish and chips eller fish ’n’ chips, ofte kalla fishan i Kristiansund, er ein gatekjøkkenrett som har to hovudelement: frityrsteikt fisk og frityrsteikt potet. Sitt historiske opphav har fish and chips i den portugisarjødiske matretten pescado frito (frityrsteikt fisk) og i den hovudsakleg irske matretten potato chips (frityrsteikte potetstrimler). Desse to matrettane vart kombinert til fish and chips i England på 1800-talet og spreidde seg fort i engelskspråklege område kring i verda. Til Kristiansund på Nordmøre kom fishan i 1950 med Elvira Adelpha Dickson («fru Moe»), som saman med mannen sin, Arne S. Moe, etablerte eit fishan-utsal rett ved Piren. Dette blir sagt å ha vore det første fish and chips-utsalet i Norge.
I Noreg er det vanleg å tenke på fritystekt fisk som dekt i strøkavring. Den engelske fish and chips har i staden røyre (engelsk batter), nokså likt ein vanleg pannekakerøyre. I Kristiansund får ein fisken servert på engelsk vis, medan det elles i landet er vanleg med strøkavringa som vi kjenner frå fiskefingre. Eit anna særpreg i Kristiansund er at ein får tilbod om å ha eddik på potetane. Dette er særs vanleg i England, men uvanleg andre stader i Noreg.
Sjå òg
Kjelder og litteratur
- Fish and chips på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Annonse i Romsdalsposten 1950.02.11. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Artikkel i Tidens Krav 1950.05.09. Digital versjon på Nettbiblioteket.