Fishanbua

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Fishanbua.
Foto: Olve Utne (2007).
Minneplate på staden der den første Fishanbua låg. Oppstartstidspunktet har vore noko omdiskutert. På minneplata står det 1950, medan det lokalt no blir meint at 1952 er det rette årstalet.
Foto: Olve Utne (2007).

Fishanbua er eit gatekjøken i Kristiansund som har fish and chips som spesialitet. Mot slutten av 1940-åra begynte sjømann Arne Sigurd Moe (f. 1912 i Ålesund, d. 1972 i Kristiansund) og kona hans, Elvira Adelpha Dickson (f. 1905 i London, d. ?  i Kristiansund) — lokalt kjent som Fru Moe, å selje fish and chips frå ein sykkel med brett bakpå. Den første Fishanbua med tak over vart etablert i 1952 som det første offisielle utsalet for fish and chips i Noreg. Dette første utsalet var ei blåmåla campingvogn. Frå 1950 til 1972 låg Fishanbua nedst i Kaibakken, rett sørom piren. Den originale Fishanbua brann ned i 1972. Den noverande Fishanbua ligg i Storkaia 1.

Fish and chips har fått rolla som typisk kristiansundsk gatekjøkenmat. Kristiansundsbandet Fish and Chips Band tok dette namnet for å vise både lokal tilknyting og tilknyting til britisk popmusikk frå 1960-åra.[1] Ein av songane deira, «Fru Moe», handlar om Elvira A. Moe og Fishanbua.

Galleri

Koordinater: 63.110993° N 7.733042° Ø