Fish and chips

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fishanbua i Kristiansund.
Foto: Olve Utne (2007).

Fish and chips eller fish ’n’ chips, ofte kalla fishan i Kristiansund, er ein gatekjøkkenrett som har to hovudelement: frityrsteikt fisk og frityrsteikt potet. Sitt historiske opphav har fish and chips i den portugisarjødiske matretten pescado frito (frityrsteikt fisk) og i den hovudsakleg irske matretten potato chips (frityrsteikte potetstrimler). Desse to matrettane vart kombinert til fish and chips i England1800-talet og spreidde seg fort i engelskspråklege område kring i verda. Til KristiansundNordmøre kom fishan i 1950 med Elvira Adelpha Dickson («fru Moe»), som saman med mannen sin, Arne S. Moe, etablerte eit fishan-utsal rett ved Piren. Dette blir sagt å ha vore det første fish and chips-utsalet i Norge.

I Noreg er det vanleg å tenke på fritystekt fisk som dekt i strøkavring. Den engelske fish and chips har i staden røyre (engelsk batter), nokså likt ein vanleg pannekakerøyre. I Kristiansund får ein fisken servert på engelsk vis, medan det elles i landet er vanleg med strøkavringa som vi kjenner frå fiskefingre. Eit anna særpreg i Kristiansund er at ein får tilbod om å ha eddik på potetane. Dette er særs vanleg i England, men uvanleg andre stader i Noreg.

Bland dei vanlegaste fiskeslaga er hyse, torsk og lange.

Sjå òg