Fjågesundvegen
Fjågesundvegen i Kviteseid kommune går søraustover frå Kviteseidvegen ved Kviteseid Bygdetun, følgjer Kviteseidvatnet på sørsida til Fjågesund og fortsett vidare til kommunegrensa mot Drangedal der han går over i vegen Østredalen. Han er 19,7 kilometer lang og er ein del av fylkesveg 3324 (tidligere fv. 304).
På Kaldodden går vegen gjennom Seglberget i den 199 meter lange Fjågesundtunnelen, og 1,2 kilometer lenger fram er det eit 32 meter langt rasoverbygg ved Grotnes. Vegen fekk asfaltdekke i 2007.
Vegen har namn etter bygda Fjågesund.
Galleri
Sjå også
Kilder
- Kartverket, norgeskart.no
- Fjågesund Fjågesund Skule