Flakstad prestegjeld

Flakstad prestegjeld, og kalla Flakstad og Moskenes prestegjeld, var eit prestegjeld i Den norske kyrkje.

Flakstad kyrkje var hovudkyrkje for prestegjeldet.
Foto: Gerd Eichmann (2019)

Flakstad og Moskenes var i 1589 del av Lofoten (Buksnes) prestegjeld, og ein huskapellan hadde ansvar for å ivareta Flakstad kyrkje og krosshuset på Moskenes.

I 1740 vart det store prestegjeldet delt i tre, og Buksnes, Borge og Flakstad prestegjeld vart oppretta. I 1891 vart Reine kapell i Moskenes vigsla.

Då prestegjelda vart avvikla som administrativ inndeling i 2004 omfatta Flakstad prestegjeld same område som Flakstad og Moskenes kommunar.

For prestar som har gjort teneste her, sjå Prester i Flakstad.

Kjelder


Artikkelen Flakstad prestegjeld er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.