Fredrik Heitkøtter

Fredrik Heitkøtter (fødd 6. mai 1936 i Lesja, død 29. oktober 1990 i Fåberg) var ein pioner innen norsk naturvern. Brørne Norman, Olaf og Fredrik Heitkøtter var brennande idealistar, kjende naturfotografar, dei første naturoppsynsmennene i landet og skribentar med ein stor lesarkrins. Dei fekk verna Rondane og Reinheimen nasjonalparkar, var forkjemparar for rovdyr og fekk spreidd bodskapen sin gjennom kjende naturfilmar og mange bøker.

Fredrik Heitkøtter fekk i 1979 Sunnmørsprisen, medan han året etter vart tildelt Melsom-prisen. I 2009 vart Heitkøtters Naturvernpris stifta for å ære dei tre Heitkøtterbrørne.

Bibliografi

  • Fra Breheim til Mjøsstrand, 1979.
  • Hunderørret, 1981.
  • Villmarkshaust, 1985.
  • Ut til vår og sommar, 1987.
  • Ut til haust og vinter, 1988.
  • Når naturen døyr : utsyn frå Gråhø, 1990.

Kjelder og litteratur


  Fredrik Heitkøtter er basert på en artikkel fra Forfatternett Oppland, en nettside som drives av Oppland fylkesbibliotek. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.