Gåsefetvegen

GåsefetvegenGvarv i Midt-Telemark kommune går vestover i Gåsefet bustadområde frå Hørtevegen til Tangenvegen og er om lag 230 meter lang.

Gåsefetvegen sett vestover.
Foto: Roy Olsen (2017).

Vegen har namn etter plassen Gåsefet under Lindheim og blei namnsett i 1999. Busetnaden består av 14 bustadhus, dei fleste sett opp på 1970-talet.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Birger Kirkeby: Bygdebok for Sauherad, gards- og ættesoge 4. Sauherad kommune, 1988.


Koordinater: 59.39075° N 9.18072° Ø